Norsk tradisjon på avantgardistisk festival i Polen
Dei siste to åra har BIT20 samarbeida med den polske organisasjonen Harmonies and Noises gjennom konsertar og sommarskule. I mai reiser BIT20 Ensemble ned saman med dirigent Ingar Bergby og solist Berit Opheim til festivalen KODY som ein del av dette samarbeidet.
I det dominikanske klosteret i Lublin skal BIT20 Ensemble og Berit Opheim framføra to verk av dei norske komponistane Lasse Thoresen og Ørjan Matre.
Thoresen sitt verk Løp, Lokk Og Linjer er ein suite for kveder og sinfonietta, tinga av BIT20. Sidan det vart skrive på byrjinga av 2000-talet har BIT20 Ensemble framført verket på fleire turnear utanlands.
Ørjan Matre sitt verk Terskelsongar er skrive for BIT20 Ensemble. Tittelen refererer til døden som den aller siste terskel og verket er basert på fire norske folkesongar om nettopp døden.
Berit Opheim er ein solist som maktar å forena den norske folkemusikken sine fine tonenyansar og ornamentikk, med den klassiske musikken sitt krav til presisjon og notekyndighet og stemmevolum.
PROGRAM
Terskelsongar Ørjan Matre
Løp, Lokk Og Linjer Lasse Thoresen
Ingar Bergby dirigent
Berit Opheim solist
BIT20 Ensemble
Arena Det dominikanske klosteret i Polen, Lublin
Dato 28. mai
Konsert 17.00
Prosjektet vert gjennomført takka vera støtte frå EØS
Prosjektet er gjort mogleg med hjelp frå EU’s kulturprogram.