Ny musikk med heile skalaen av musikalske kjensler
Komponisten og saksofonisten Marius Neset frå Os kunne i september urfremføra sitt tredje samarbeidsprosjekt med samtidsorkesteret London Sinfonietta, og det i sjølvaste Royal Albert Hall under BBC Proms.
Tingingssverket heiter Geyser, og er skrive for jazzkvintett og kammerorkester. Mottakinga i London var god: «Med en utvidet palett å leke seg med, og verdens mest berømte konsertsal å fylle, løp Neset løpsk i en trollbindende forestilling som gikk gjennom hele skalaen av musikalske følelser og sikret energiske tilrop og tre fremkallinger for å ta imot applaus,» skreiv London Jazz News.
Komponisten så opprinneleg på verket som ei feiring etter pandemien; av musikken og av den spesielle stemninga som oppstår når musikarar treffast for å opptre saman. Så invaderte Russland Ukraina, og Neset kjente eit behov for å gå tilbake til delane han allereie hadde skrive, ta frå kvarandre element, løysa strukturar og legga inn ei kjensle av mørke og fortviling. Slik fekk metaforen i tittelen endå fleire lag.
På denne festspelkonserten vert Geyser framført i Noreg for første gang.
Konserten er ein samproduksjon mellom Festspillene i Bergen og BIT20 Ensemble
BIT20 Ensemble
Geoffrey Paterson dirigent
Marius Neset saksofonar
Ivo Neame piano
Conor Chaplin kontrabass
Anton Eger trommer
David Solheim lyd
Arena Grieghallen, Peer Gynt-salen
Konsert 19.30 - 20.35
Tid 4. juni