Verdspremiere på Counting Backwards
Alwynne Pritchard – Arnabuar og tidlegare kunstnarisk leiar for Borealis – inntek 20-årsjubileet med verdspremiere på verket Counting Backwards. Verket er tinga av BIT20 Ensemble, dirigert av Jack Sheen, og har eit barn som fortellar, eit amatørkor og ein kolossal stum trestamme. Gjennom Counting Backwards stiller Alwynne spørsmål om me menneskjer, som har skapt klimakrisen, eigentleg kan finna svar utan å tenka radikalt nytt om kven me er, og vår eksistens.
“Someone suggested to me recently that as human beings we should see ourselves as co-evolved parasites of the earth’s systems. If this is so, maybe nothing we do will ever solve the problems we've created. Maybe we should think instead of undoing: of letting go, descending, releasing – decaying, even. Perhaps before optimism and action, we need to experience collective grief – to cultivate acts in which we can submit to the necessity for our own inertia.”
I verket omringar dei virtuose musikarane i BIT20 Ensemble publikum, og skapar ein altoppslukande konsertoppleving. Frå stillheita høyrest ei barnerøyst, og ekkoet frå eit pratande kor. Lyden av vatn, steinar og treverk er og tilstades i rommet. Det vert telt bakover.
Alwynne grublar over art vår si evne til å skapa endring, og utfordrar samstundes seg sjølv som komponist ved å avdekka eigen kunnskap, og finna nye måtar å jobba på. Verket liknar ikkje noko av det ho tidlegare har skrive.
BIT20 Ensemble
Jack Sheen dirigent
Alwynne Pritchard komponist & fortellar
Dulcie Pugh barnefortellar
Alexander Fiske Fosse, Gunhild Sannes Larsen, Mirte Bogaert and Philipo Njaidi rørsle
Mirte Bogaert konsulent for rørsle
Thorolf Thuestad lyd
Steve Lunn lys
Victoria Pritchard stemmepedagog
Michele Braga feltopptak
Arena Cornerteateret
Konsert 21.00 - 22.00
Tid 19. mars
Presentert i samarbeid med Borealis
Tingingsverk støtta av Kulturrådet