Knut Vaage & Ingela Øien — BIT20 Ensemble
Back to All Events

Knut Vaage & Ingela Øien

  • Cornerteateret, Kongesalen Kong Christian Frederiks Plass 4 Bergen, Vestland, 5006 Norway (map)

Mytiske vesen og vulkansk videokunst

I denne konserten dedikert til Ingela Øien vert fløyta satt innanfor ei elektronisk ramme. Vulkansk videokunst, overlappande tromboneopptak og ein boomblaster er nokre stikkord for konserten.

Gjensidig beundring og ei felles interesse for samtidsmusikken har ført til eit langvarig og omfattande samarbeid mellom komponist Knut Vaage og fløytist Ingela Øien. Konserten vert ein hyllest av dette samarbeidet.

For å markera Øien sine 40 år i BFO skreiv Vaage verket «Janus» til fløytisten hausten 2022. Dette verket vart framført i Grieghallen.

Framleis inspirert av den mytiske verda har komponisten skrive eit nytt verk til Øien med tittelen «Medusa». Monsteret Medusa er kjent frå den greske mytologien som den farlege kvinna som kunne gjera menneskjer om til stein med sitt slangehår. Dette er utgangspunkt for konserten, samt utvalte verk komponert spesielt til Øien i tidsrommet 1994-2023.

PROGRAM
Tapt slag
Medusa (urpremiere) 
Får eg likna deg (Noregspremiere)
Elektra II 
multiMORF memoriam

Knut Vaage
komponist
Ingela Øien C-fløyte, altfløyte, piccolo
Thorolf Thuestad elektronikk
Owen Weaver perkusjon
Ellen Røed videokunst
Silje Grimstad lysdesign

Arena Cornerteateret
Konsert 18.00 - 19.30
Tid 25. februar 2023

Ingela Øien er fløytist i BIT20 Ensemble og var med å etablera ensemblet i 1989. Hennar fokus har i ei årrekke vore på samtidsmusikk. Ho har samarbeida med både norske og utanlandske komponistar og har uroppført mange verk for fløyte, både solo- og kammerverk.

Knut Vaage er ein norsk komponist og utøvar av improvisasjons- og samtidsmusikk. Han er særleg oppteken av møte mellom konservative former og moderne estetikk. Sentralt i verksemda hans står utforskinga av grenselandet mellom fri improvisasjon og komposisjon.

Konsertprogrammet, samt utvalte verk av Vaage vert utgitt på LAWO i 2023.
Tapt slag, Medusa og Elektra II er skrive til, og uroppført av Ingela Øien.

Takk til bidragsytarane som har gjort konserten mulig: Norsk Komponistfond, TONO og Bergen kommune.

Earlier Event: January 14
Fredrik Saroea & BIT20 Ensemble