Tine Surel Lange: Apokalypse nå!

Tine Surel Lange: Apokalypse nå!

Av Sondre Åkervik

Tine Surel Lange har omfamna dommedag. Til BIT20 kjem ho med eit verk som vil vekke oss til handling.

Verda er på vippepunktet, seinast i form av eit lite virus. Det er som om moder jord har sagt at no er det nok. Menneska har gjort seg til herskar over jorda med enorme konsekvensar for artsmangfald og klima. Grønlandsisen smeltar i rekordfart. Havnivået vil stige og pessimistane har gode tider. 2020 var eit dommedagsaktig år, men verdas undergang kan også vere startskotet på noko heilt nytt. Komponist og kunstnar Tine Surel Lange har i sine tidlegare arbeid sett føre seg nye former for liv etter apokalypsen. I eit vedvarande performanceverk kler ho seg ut som eit framtidsvesen som livnærer seg på destruktiviteten til menneska - gruveavfall, oljesand, klimagassar. Med ei respektlaus formulering kunne ein kanskje seie at verka hennar tematiserer ei slags glad-apokalyptisk livskjensle. Men til Bergen og BIT20 kjem ho med eit verk som først og fremst vil ha menneska til å vakne opp før det er for seint.

 

Levande landskap

I løpet av ni satsar, 50 minutt og gjennom lyd og bilete, vil Surel Lange røske opp i vårt inngrodde perspektiv om at vi er sentrum av universet. Verket «Living Landscapes» ser heller menneska som del av ein organisk prosess, som eitt kapittel i ei større bok om alt liv, der noko og nokon døyr og andre kjem til. I videomaterialet viser ho korleis landskapet i seg sjølv kan vere noko levande. Ved å framheve menneskeaktige element i naturen kan vi vonleg verte meir medvitne vår vesle rolle i det store spelet, ifølge kunstnaren busett i Lofoten.

– Det trengst eit skifte i vår grunnleggande tanke om vår rolle og betydning her på jorda. “Living Landscapes” handlar om at menneskearten kan gå under om vi ikkje klarer å sjå utover vårt gudekompleks og finne att ein audmjukskap og respekt for jorda. Det er ikkje i vår makt å “redde” jorda, ho er her, med eller utan oss, men det er moglegvis i vår makt å redde vårt eige livsgrunnlag, dersom vi tar kollektive grep. I alle fall for ei stund.

– Er det ei kjærleg oppmoding til menneskeheita om å la livet strøyma i oss - at vi er del av noko større?

Eg trur vi har gløymt at vi er ein del av naturen. Vi har underlagt naturen oss. Det er ein kamp vi aldri kan vinne. Menneske som art er dessverre for destruktiv. Sjølv om landskapet hadde vakna til liv, hadde vi nok byrja å krige ned det også, utan tanke på at det er våre eigne livsvilkår. Då kan vi like gjerne stå inne for det. Gå ned med eit brak, få det overstått, og omfamne apokalypsen!

 

Mytologisk førelegg

2020 var som eit sakteflytande, smertefullt år, men den sosiale nedstenginga gjer også at dagane har fått det nedsette tempoet det kan hende vi alle treng, utan å vite det, eller kanskje heller, utan å erkjenne det. Tine Surel Lange har reist verda rundt i mange år. Det siste året vart ho tvungen til å finne ro i Lofoten og Vesterålen. Det forandra BIT20-verket. Eigentleg ville ho filme videomateriale frå ulike delar i verda med utgangspunkt i skapingsmytologiar. I staden forma det dramatiske landskapet rundt henne heile verket.

– Naturen her oppe er veldig til stades med eit sterkt grep om kvardagen til folk, og eg trur det er grunnen til at det er så mange historier, myter og skrøner med troll, tussar og andre personifiseringar av naturen, fortel Surel Lange.

I norrøn mytologi og dei eldre runeskriftene fann ho førelegget for å gi verket ein mytisk dimensjon. Bak kvart runeteikn ligg ei magisk tyding, og i musikken har dette vorte eit system for å få fram spesifikke stemningar – mørkt som lyst. I ein sats dikterer storm og uvær stemninga; i ein annan tar den feminine energien over og skaper ro i verket. 

– Den aller første runa i verket – þurisaR  – rommar store kaoskrefter som snø, is og eld. Runa står også for ei urkraft, og av og til Yme – som heile jorda er skapt av. Den aller siste runa i verket – dagaR – står for ny byrjing og eit høgare medvit, der ein har kome gjennom ei krise og bygd noko nytt.

 

Fagre, nye verd

I «Living Landscapes» tek Tine Surel Lange i bruk videoinstallasjonar. Videomaterialet blir som emosjonelle straumar, som tar over dirigenten si rolle. Musikarane skal spele etter instruksjonar frå bileta, både for å bryte ned konnotasjonane rundt ein dirigent og konsertsituasjonen, men også for å skape ein meir organisk samklang mellom dei visuelle og lydlege elementa i verket, forklarer Surel Lange.

Menneska i brytning mot naturen. Det er i denne motsetningsfylte klangbotnen at Tine Surel Lange sine tonar dannar farge og djupne. Vakkert, sorgfullt, angstfylt. I rommet vil ho at lyttarane skal kople seg inn på augneblinken og lytte skikkeleg, som om ein ligg ute i naturen og tar inn over seg alle lydane ein høyrer. Mantraet er: tilbake til naturen, og eit meir inderleggjort tilhøve til moder jord.

– Om menneskeheita skal gå under til fordel for vesena som vaknar eller oppstår i «Living Landscapes», trur eg det hadde blitt ei fin, ny verd. I dei fleste mytologiar sine dommedagsscenario overlever nokre få menneske som skal bygge noko nytt. I norrøn mytologi er det Liv og Livtrase, som ved å gøyme seg i skogen og ete morgondogg, overlever Ragnarok. Frå dei kjem ei ny menneskeslekt som skal bu bekymringslaust, rettvist og til evig glede i ein sal vakrare enn sola, på ei ny og betre jord som stig opp av havet, der åkrane veks sjølv om ingen sår.