Festspillene i Bergen: Bára Gísladóttir — BIT20 Ensemble
Back to All Events

Festspillene i Bergen: Bára Gísladóttir

  • BIT20 Ensemble Håkonshallen Bergen Norway (map)

Kunstmetal for sinfonietta

Den islandske komponisten Bára Gísladóttir likar å tenka på lyd som eit levande vesen, og lagar gjerne musikk med det som utgangspunkt. På denne konserten er det verket The moon is an eye is a pond and so on and so forth frå 2023 som står på programmet.

– Det er ein form for kunstmetal for sinfonietta, sier Bjarni Frímann Bjarnason, kunstnarisk leiar for BIT20 Ensemble frå og med 1. januar 2025.

Som Bára Gísladóttir er Bjarnason òg islending, komponist og musikar, i tillegg til å vera dirigent og kunstnarisk leiar for BIT20 Ensemble. BIT20 Ensemble framførte Gísladóttir sine verk Animals of your pasture og Beðið under konserten Norden – Island. Dette gav meirsmak til å fordypa seg enno meir i musikken til den ettertrakta komponisten.

“Bára Gísladóttirs verk kjennetegnes av en dyp og selvreflekterende ro, som til tider skaper en nesten meditativ tilstand i musikken. I stykkene hennes beveger tiden seg like gjerne i sirkler som fremover mot et tydelig mål.”

– Sune Anderberg, musikkjournalist

Bára Gísladóttir The moon is an eye is a pond and so on and so forth (65’’)

Bjarni Frímann Bjarnason dirigent
BIT20 Ensemble

Arena
Håkonshallen
Dato
25. mai
Konsertstart
19:30

23. mai
18:00-21.00
I samband med konserten vert det ein open prøve med Bára Gísladóttir og Bjarni Frímann Bjarnason for dei unge komponistane knyta til Festspillakademiet i Bergen (FAB)

24. mai:
Q&A med Bára Gísladóttir, Bjarni Frímann Bjarnason og BIT20 Ensemble for FAB-komponistar.

Bilete: Anna Maggý

Earlier Event: March 16
Borealis: Okkyung Lee