Borealis: Okkyung Lee — BIT20 Ensemble
Back to All Events

Borealis: Okkyung Lee

  • BIT20 Ensemble Håkonshallen Bergen Norway (map)

Koreansk improvisatør til Håkonshallen

Okkyung Lee har i mange år vore ein bærebjelke i New Yorks improvisasjonsmiljø. Den kompromisslause cellisten, komponisten og improvisatøren har ei misunningsverdig rekke musikalske samarbeid og utgjevingar bak seg. I 2020 flytta ho tilbake til heimlandet Sør-Korea, noko som opna opp for nye samarbeidsmoglegheiter med koreanske improvisatørar og utøvarar av tradisjonell koreansk musikk. 

Som komponist har ho mellom anna blitt spelt ved prestisjetunge Donaueschingen Music Days, og nett urfremført eit nytt verk med det britiske Explore Ensemble og ein ny flerkanalkomposisjon for INA/GRM i Paris. Okkyung er viden kjent for sin heilt unike og intense framføringsteknikk, og hennar absolutte integritet i utforskninga av lyd. Gjennom sitt musikalske arbeid stillar ho òg spørsmål ved skjønnheit og ulike måtar å samarbeida på.

I det nye akustiske, storstilte verket “Skylight” vert den majestetiske Håkonshallen fylt med lyden av Okkyungs vidunderlege verd.

Arena
Håkonshallen
Dato 16. mars
Konsertstart 19:00

Verket er tinga av Borealis med støtte frå Kulturrådet.
Konserten er eit samarbeid mellom Borealis og BIT20 Ensemble.
Foto: Eun Chun