Fana Kulturhus: Erlend Apneseth Trio & BIT20 Ensemble — BIT20 Ensemble
Back to All Events

Fana Kulturhus: Erlend Apneseth Trio & BIT20 Ensemble

  • BIT20 Ensemble Østre Nesttunvegen Bergen, Vestland Norway (map)

Folkemusikk i orkesterformat

Terra Incognita er det siste av fleire samarbeid mellom hardingfele-nybrotsmannen Erlend Apneseth og komponist Ørjan Matre. Begge arbeidar i skjeringspunktet mellom innovasjon og tradisjon. Apneseth sin oppfinnsamme trio blandar lyden av norsk folkemusikk, jazz og elektronika.

På festivalen Ultima får Terra Incognita si verdspremiere og Erlend Apneseth Trio speler med BIT20 Ensemble for første gang. Her presenterer dei materiale Matre har komponert basert på lydfilar han har fått sendt frå Apneseth. Allereie kvelden etter verdspremiera reiser verket vestover til Bergen der det vert satt opp på Fana Kulturhus.

Med utgangspunkt i arkivopptak av norsk folkemusikk – blant dei «Alt forvandles til støv» - skapar Terra Incognita eit rom for oppdagingar og moglegheiter, der moderne komposisjon møtar folkedans og improvisasjon. Det er klart for ei unik musikalsk oppleving i ukjend terreng.

Erlend Apneseth & Ørjan Matre Terra Incognita (60”)

Trond Madsen Dirigent
BIT20 Ensemble

Erlend Apneseth Hardingfele
Øyvind Hegg-Lunde Perkusjon, elektronikk
Stephan Meidell Gitar, elektronikk

Arena Fana Kulturhus
Dato
21. september
Konsertstart
19.00

Det vil vera mogleg å nyta eit glas sider eller anna lesk før og etter konserten i Bergen.
Dørene til kulturhuset opnar klokka 18.00.

Bilete av Signe Fuglesteg Luksengard