Áneš-Ovllá
Ny, samisk musikk inspirert av Ole Bull
Etter eit innhaldsrikt år med Andreas Gundersen som huskomponist hjå Kode, har den samiske pianisten og komponisten skrive eit tingingsverk for BIT20 Ensemble og Tora Augestad.
Gundersen er ein svært aktiv komponist, men framleis òg aktiv som utøvar. I tillegg til hans virke som klassisk pianist arbeidar han tett på popmusikken, mellom anna som produsent og låtskrivar. Dei siste åra har han arbeida mykje innanfor eit spektralt og mikrotonalt landskap.
Kvart år engasjerer Kode ein ny huskomponist for å løfta fram komponistar frå vår eigen tid.
Direktør for Kode sine komponistheim, Christian Grøvlen, omtalar Gundersen sin musikk som «gripande, intens, mangfoldig og søkande».
– Bull, Grieg og Sæverud bygde alle på kvar sin måte musikken sin på norsk folkemusikk. Ein viktig del av Andreas sitt kunstnarskap er forankra i den samiske kulturen han tilhøyrar. Denne tradisjonen tek han med vidare inn i vår tid, seier Grøvlen.
Bli kjent med Gundersen i dette videoportrettet frå heimstaden Torhop utanfor Tana kor Gundersen bur og arbeidar.
I arbeidet med tingingsverket har Gundersen kikka på materiale henta frå brevsamlinga til Ole Bull, men òg norske diktarar frå Bull si tid. Dette har inspirert verket som utforskar kammerformatet og klassisk lied-tradisjon.
Jacob Nødseth tale
Andreas Gundersen Vibrations III urfremføring med Gundersen på piano
Komponistsamtale Andreas Gundersen og Christian Grøvlen
Andreas Gundersen Áneš-Ovllá urfremføring
Tora Augestad solist
Andreas Gundersen piano
BIT20 Ensemble:
Ingela Øien Fløyte
Håkon Nilsen Klarinett
Jarle Rotevatn Piano
Martin Shultz Fiolin
Liene Klava Bratsj
Agnese Rugevica Cello
Arena Troldsalen
Dato 25. januar
Konsertstart 19:00
NB: Konserten er flytta frå 1. november til 25. januar
Bilete: Frode Bakken
Video: Kode