BITWaves på Ultima
Tida har kome for ein ny Ultima-dag for barn frå 0-12! I år sett Ultima segl på eit hav av teater, performance-kunst, workshops og andre aktivitetar der vatn er gjennomgangstema. Dette kjem garantert til å inspirera barna sin musikalske kreativitet!
BIT20 har med seg komposisjonsappen BITWaves for å ta opp lyden av strømmande, dryppande vatn i glas, boller og anna. Med BITWaves-appen kan ein setta lydane saman til sine heilt eigne, unike komposisjonar.
BITWaves er i godt selskap på Barnas Ultima-dag og frå marmortrappa til Gullbaren, vert Sentralen full av rom og stader som Christina Lindgren bind saman i ein scenografi laga av resirkulert plastikk frå havet.
Her er nokre av framsyningane og aktivitetane:
The Pond: Ein konsert med lysprojisering og musikk improvisert på resirkulerte gjenstandar.
Čázevulošnieida – Undervannsjenta: Dans, tekstilar, joik, lydar frå havet og live-teikning basert på den sjøsamiske fortellinga ‘Havfruen’.
Undervannshistoriar: Rumlande lydar frå djupet! Møt sjøskapningar som torsk, kvalross og grindkvalen Roland, og høyr historiar frå folk som har som jobb å ta opp naturlydar du sjeldan får høyra.
Glasspel: Minikonsertar og workshop der du lerar deg å laga musikk med vannglas.
Praktisk informasjon for å få mest mogleg ut av Barnas Ultima-dag:
- Ikkje prøv å rekka over alt på ein gang! Det er mykje som skjer gjennom heile ettermiddagen, så fokuser på dei aktivitetane barnet ditt er mest interessert i.
- Kom tidleg! Mange aktiviteter har avgrensa plass, og det er førstemann til mølla som gjeld.
- Mat og drikke er tilgjengeleg.
- Arrangementene er lagt tilrette for barnevagn og sportsvagn, så vel som for rullestolbrukarar.
I samarbeid med Sentralen Mat, Sentralen UNG og Ultima.
Støtta av Sparebankstiftelsen DNB og EU sitt kulturprogram Kreativ Europa som ein del av Ulysses
Prosjektleiar/kurator: Torunn Forland Bjella
Artwork: NODE / Brian Cliff Olguin for Ultima