Ultima: BITWaves - Lydverkstad for heile familien — BIT20 Ensemble
Back to All Events

Ultima: BITWaves - Lydverkstad for heile familien

  • BIT20 Ensemble Deichman Holmlia Oslo Norway (map)

BITWaves - Lydverkstad for heile familien

Bruk ljodane rundt deg til å laga eigne komposisjonar!

BIT20 er vertskap på festivalen Ultima for eit kreativt verkstad for barn og folk i alle aldrar. Her kan du oppdaga alle ljodane som omgjev deg, og bli kjent med BITWaves-appen, som kan brukast til opptak og komponering.

Deltakarane vil få ein kjapp opplering i korleis dei tek opp ljodar på appen. Så delar dei seg opp i grupper eller par rundt om i biblioteket, for å jakta på interessante ljodar som kan brukast til å laga eit musikkstykke. Deretter sett dei ljodane saman til ein komposisjon ved hjelp av BITWaves-appen. Stykkene vil bli spelt på ein minikonsert for besøkande i biblioteket. 

Verkstaden vert leia av kunstnarisk leiar Trond Madsen, og pedagog Håkon Skjæret. Finn ut meir om BITWaves-appen her.

Arrangementet er gratis, men plass må bookast på førehand.

Deltakarane kan enten bruka sin eigen iPhone, eller dei kan låna ein iPad.

I samarbeid med Ultima, Deichman Holmlia og Holmlia Kulturhavn.
Støttet av Sparebankstiftelsen DNB.
Artwork: NODE / Brian Cliff Olguin for Ultima 

Later Event: September 15
Barnas Ultima-dag