KREATIV SOMMARSKULE
(Sommarskulen er no fullbooka)
Er du mellom 10–15 år og interessert i musikk eller visuell kunst? Bli med på Festspillene og BIT20 sin kreative sommarskule i Fana Kulturhus!
Over ei veke skal me eksperimentera og utfordra vår eigen kreativitet. Alt me lagar skal utviklast saman og skapast frå botn.
Korleis kan lyd settast saman til eit musikalsk uttrykk? Korleis kan me skapa visuelle kunstuttrykk som bilete og skulpturar med ulike materialar og objekt? På denne sommarskulen skal me leka med lyd- og kunstuttrykk du kanskje ikkje kjennar frå før!
Om du syng, speler instrument, er interessert i musikkteknologi eller er fascinert av visuell kunst, kan dette vera noko for deg! I påmeldingsskjemaet rangerer du kva gruppe du ynskjer å vera med i og om vil delta i veke 26 eller 27.
Kvar veke vert avslutta med ei visning for familie og vener i Fana Kulturhus.
Me deler oss i tre grupper med 8 deltakarar i kvar:
1. Instrument og vokal
2. Visuell kunst
3. Musikkteknologi
gruppeleiar
Håkon Skjæret
Instrument- og vokalgruppe
For deg som syng eller spelar eit instrument (Obs. Ta med eige instrument)
Me eksperimenterer med nye måtar å skapa lyd på, og kombinera desse
På denne gruppa må du ha noko kunnskap i å spela instrument eller stemmebruk
Gruppeleiar yngvill hopen
Visuell gruppe
Me lærar å tenke kreativt og fortelle historier uten ord
Me lærar om form, farge og komposisjon, og korleis me vert påverka av det me ser rundt oss
Turdag for å samla materialar og fotografera
Ingen forkunnskapar er nødvendig
Gruppeleiar Trond Madsen
Musikkteknologisk gruppe
Med utgangspunkt i appen BITWaves gjer me opptak av lydar og manipulerer dei til eit heilhetleg kunstuttrykk
Sommarskulen stillar med iPads og hodetelefonar
Ingen forkunnskapar er nødvendig
Bli kjent med og last ned appen BITWaves her: BITWaves
Alle gruppene vil ha fokus på kreativitet, eksperimentelt uttrykk og samskaping.
Sommarskulen serverer eit enkelt brødmåltid til lunsj kvar dag.
NÅR OG KVAR
Stad: Fana Kulturhus
Når: 24. - 28. juni. Visning for familie og vener 28. juni klokka 14.00
Når: 1. - 5. juli. Visning for familie og vener 5. juli klokka 14.00
Klokkeslett: 10.00 - 15.00 alle dagar
KRITERIAR
Kurset er for deg fødd mellom 2009–2014
Du må kunne stilla alle fem dagar
Du kan jobba både sjølvstendig og i gruppe
Deltakaravgift: kr. 449,-*
*Barn frå familiar med økonomiske utfordringar kan delta utan å betala deltakaravgift.
Kontakt hakon@bit20.no for friplass eller ved andre spørsmål.