KREATIV SOMMARSKULE
Er du interessert i musikk eller visuell kunst? Bli med på Festspillene og BIT20 sin kreative sommarskule med fokus på lyd og visuell kunst!
Over ei veke skal me eksperimentera og utfordra vår eige kreativitet.
Korleis kan lyd settast saman til eit musikalsk uttrykk? Korleis kan me skapa visuelle kunstuttrykk som bilete og skulpturar med ulike materialar og objekt?
Om du syng, spelar instrument, er interessert i musikkteknologi eller er fascinert av visuell kunst kan dette vera noko for deg! I påmeldingsskjemaet rangerer du kva gruppe du ynskjer å vera med i.
gruppeleiar
Håkon Skjæret
Instrument- og vokalgruppe
For deg som syng eller spelar eit instrument (Obs. Ta med eige instrument)
Me eksperimenterer med nye måtar å skapa lyd på, og kombinera desse
På denne gruppa må du ha noko kunnskap i å spela instrument eller stemmebruk
Gruppeleiar yngvill hopen
Visuell gruppe
Me lærar å tenke kreativt og fortelle historier uten ord
Me lærar om form, farge og komposisjon, og korleis me vert påverka av det me ser rundt oss
Turdag for å samla materialar og fotografera
Ingen forkunnskapar er nødvendig
Gruppeleiar Trond Madsen
Musikkteknologisk gruppe
Med utgangspunkt i appen BITWaves gjer me opptak av lydar og manipulerer dei til eit heilhetleg kunstuttrykk
Sommarskulen stillar med iPads
Ingen forkunnskapar er nødvendig
Bli kjent med og last ned appen BITWaves her: BITWaves
NÅR OG KVAR
Stad: Fana Kulturhus
Når: 31. juli - 4. august med avsluttande vising 4. august klokka 14.00
Når: 7. august - 11. august med avsluttande vising 11. august klokka 14.00
Klokkeslett: 10.00 - 15.00 alle dagar
Spesifiser i påmeldingsskjema om du vil vera med i veke 31 eller veke 32.
Reservert plass vert stadfesta på mail.
Sommarskulen vert avslutta med ei vising for familie og vener på Fana Kulturhus.
Sommarskulen serverer eit enkelt brødmåltid til lunsj kvar dag.
KRITERIAR
-Du er fødd mellom 2008 og 2012
-Du må kunne stilla alle fem dagar
-Du kan jobba både sjølvstendig og i gruppe
Deltakaravgift: kr. 449,-*
*Barn frå familiar med økonomiske utfordringar kan delta utan å betala deltakaravgift.
Kontakt trond@bit20.no for friplass eller andre spørsmål.