GLIMT! – Skape #4
Lær deg å komponera musikk!
Det er tid for ein ny runde med GLIMT! – Skape.
I samarbeid med fire musikarar frå BIT20 Ensemble og mentor Else Olsen Storesund frå Lydverket vil du lera å komponera eit verk for harpe, elektronikk, trompet og piano. I GLIMT! – Skape får du vera med på tre workshops og får verket ditt framført på konsert. Kvar deltakar får to individuelle rettleiingar saman med mentor. Du treng ikkje å ha noko erfaring frå musikkverda eller kunne spela instrument. Kurset er gratis!
Dei nyskrive verka vert framført av Jarle Rotevatn, Jon Behncke, Marija Kadovic
og Thorolf Thuestad på konsert i juni.
Første workshop
27. mars kl. 17.00 - 21.00
Bukken, Grieghallen
Andre workshop
25. april kl. 17.00 - 21.00
Bukken, Grieghallen
Tredje workshop
23. mai kl. 17.00 - 21.00
Bukken, Grieghallen
Fjerde workshop og prøve
13. juni kl. 17.00 - 21.00
Cornerteateret
Dobbelkonsert
Deltakarane sine endelege komposisjonar vert framført at fire musikarar frå BIT20 Ensemble. Det nye verket til KUPP-deltakar Agnes Hvizdalek vil og urfremførast under same konsert.
Arena Cornerteateret
Dato 14. juni
Konsert 20.00 - 21.00



