Graal théâtre i Bergen si storstove 

Graal théâtre i Bergen si storstove 

Ein tekst av Åsa Osmundsen Opedal henta frå BIT20 si avis
 
Då Kaija Saariaho gjekk svanger med sitt første born, Aliisa Neige Barrière, skreiv ho verket Graal théâtre. To tiår seinare vart Aliisa elev hjå fiolinist Peter Herresthal. Han hadde fleire gangar blitt spurt om å lera seg verket Graal théâtre. No, med dottera til Saariaho som elev, kjente Herresthal på eit ekstra press for å lera seg verket. I dag er det eit av hans viktigaste verk i repertoaret. I januar 2023 møttest dei tre i Bergen for å spela inn verket på plate saman med BIT20 Ensemble. 
 
Griegsalen er booka. Over to intensive dagar skal verket spelast inn og forevigast på plate. Lydteknikarane Elaine Maltezos og Jørn Pedersen har rigga seg til på kontrollrommet med øyreklokker, pcar og spissa øyre. Produsent Elén Amalie Leiren fordeler druer og anna proviant backstage. Musikarane frå ensemblet byrjar å dukka opp og rigga seg til.  
 
Berre eit par dagar tidlegare vart det avgjort at Saariaho kunne vera med på innspelinga. Ho har flydd inn frå Paris saman med mannen Jean-Baptiste Barrière, òg ein svært anerkjent komponist, og systera hans Isabelle Barrière som skal filma innspelinga. Dottera til Saariaho, Aliisa, skal vera dirigent og har flydd inn frå Finland. Herresthal kjem tilreisande frå Oslo.  
 
Saariaho er ein av dei mest anerkjente nolevande komponistane og det at ho kjem betyr mykje for musikarane. Saariaho, dottera og Herresthal har samarbeida tett i fleire år, og dette vert markeringa av eit langt samarbeid saman som går mot slutten.  


Saariaho, Herresthal og verket  

Graal er ein av dei store fiolinkonsertane frå dei siste 50-åra. Eg hadde blitt spurt om å spela det mange gangar, men hadde ikkje funne tida til å lera meg det. Då Aliisa byrja som elev hjå meg tenkte eg, shit, no må eg lera meg den, fortel Herresthal. 
 
Aliisa vart òg naboen til Herresthal på eit tidspunkt og då Saariaho var på besøk hjå ho, fekk Herresthal ein ekstra motivasjon til å lera seg verket. 
 
– Ein vil jo spela det betre enn alle andre så det er ei slags investering, fortset Herresthal.  
 
Med ærefrykt for den store komponisten turte ikkje Herresthal å spela for Saariaho før han hadde framført det på ikkje mindre enn fem konsertar. Sidan då har dei arbeida mykje saman. Graal théâtre vart originalt skrive for fullt orkester, inspirert av boka til Jacques Roubaud med same tittel. No finst det tre versjonar av Graal théâtre; ein for fullt orkester, ein for sinfonietta og ein med tekst skrive av Saariaho, Herresthal og sonen hennar Alexandre Barrière spesielt for Herresthal. Fiolinsolisten har spelt alle tre versjonar og er kanskje ein av dei som kjenner verket best.  
 
– Det er eit veldig stort, flott og krevjande verk. Det er krevjande å både spela og lytta til – det er så mange lag. Sjølv om eg har spelt Graal over tretti gangar no, oppdagar eg heile tida noko nytt, fortel Herresthal. 


Komponisten sitt nærvær 

Når opptaket startar må alle vera heilt stille. Det er full konsentrasjon på kontrollrommet og i salen. Saariaho er i salen saman med musikarane og hennar nærvær gir ensemblet og solisten eit ekstra gir.  
 
– Det går veldig bra! Eg prøver å senda energien min til Peter. Kanskje han får den, seier Saariaho.  


Komponisten som fylte 70 år i 2022 er ettertrakta og hennar nærvær betyr mykje for utøvarane.   
 
– Det kjennes ekstra viktig og spesielt å ha Kaija her. Eg nyt verkeleg innspelingsprosessen. Arrangementa for strykarane gir opning for mykje personleg lydutforsking som eg verkeleg set pris på. Verket skapar fleire verdener og teksturar som eg verkeleg elskar, fortel Callum Jennings på kontrabass.  
 
Herresthal er samd.  
 
– Dette er eit spesielt prosjekt for alle. Det er verkeleg magisk og veldig inspirerande at Kaija er her. Det gir noko heilt spesielt å spela for ho. Eg kjem til å sakna å spela Graal, spesielt med Kaija i salen, seier Herresthal. 
 
I desember haldt Herresthal sin siste konsert som solist. No har han lagt opp og dette vert siste gang han spelar Graal théâtre. Det skulle kanskje bli spelt inn med London Sinfonietta, men etter konserten BIT20 Ensemble hadde med Herresthal og Barrière i november så vart denne samansetninga det naturlege valet. Dirigent Barrière følte det sa klikk med BIT20 Ensemble og at dei hadde svært god kjemi. Mor, Saariaho, og dotter har samarbeida ved fleire høve.  
 
– Me tek med oss kjensla frå konserten inn i innspelinga, fortel Herresthal.  
 
Gjennom ei lang karriere har Saariaho opparbeida seg ein tett sirkel med menneskjer som ho føretrekk å arbeida med. Gjennom tett  samarbeid over lengre tid  får ein moglegheit til å verkeleg forstå musikken hennar. Korleis er det å arbeida saman mor og dotter? 
 
– Me kjenner kvarandre godt og er trygge på kvarandre. Eg har spelt mykje av musikken hennar og kjenner den inngåande, fortel dottera Barrière. 
 
Aliisa var jo framleis inni magen når eg skreiv stykket, fortel Saariaho.  
 
Svigerinna Isabelle Barrière set opp kamera.  
 
– Me lagar ein film om Kaija sin fiolinmusikk og speleteknikkar. Det vert kanskje ein film til akademiet (red. anm. Norges musikkhøgskole), men det er ikkje avgjort enno. Me gjorde eit opptak av ein samtale mellom Kaija og Peter i desember og dette opptaket frå Bergen vert ein perfekt illustrasjon til samtalen, fortel Isabelle Barrière. 
 
Etter første dag må alt riggast ned. Rommet er leigd av nokon andre mellom dei to opptaka. Produsentar og lydteknikarar markerer med teip kor kvar stol og mikrofon skal stå. Alt må stå på eksakt same plass begge dagane for at lyden skal bli heilt riktig.  


Nektar å gjera som Ole Bull

Dag to vert alt satt tilbake. Stolar vert plassert der teipen markerer. Mikrofonar satt på akkurat same plass og i same høgde som dagen før.  
 
Herresthal si siste speling av Graal nærmar seg slutten. Saariaho syns det er ein dårleg ide at Herresthal  legg opp som solist.  
 
– Dette vert Peter sin siste framføring før han går over til berre undervisning. Eg skjøner det ikkje, seier Saariaho.  
 
– Ikkje eg heller, men det står respekt av det, seier dottera.  
 
Herresthal har hatt ein travel haust og spelt meir konsertar enn nokon gang i siste innspurt av solistkarrieren.  
 
– Det er eit heftig press å spela på så høgt nivå, og eg har lyst å gje meg på topp. Agenten min riv seg i håret, men det er bra! BIT20 Ensemble var ein av dei første som booka meg då eg var heilt ny. Dette er ein fin måte å avslutta på ved å spela inn dette verket saman med Kaija, Aliisa og BIT20 Ensemble, fortel Herresthal.  
 
No ser han fram til ein kvardag dedikert til undervisninga. Prosjekta hans frå ein travel og innhaldsrik haust, med mellom anna ei innspeling med den amerikanske komponisten Mizzi Mazzoli, har ført til mange spanande oppdrag, men Herresthal held på sitt.  
 
– Eg nektar å gjera som Ole Bull som var infamøs for å gjera comeback etter at han la opp. No vil eg heller bruka tida mi på å overføra repertoaret til neste generasjon.