pop møter kunstmusikk i Håkonshallen
I 2022 gav Fredrik Saroea og BIT20 Ensemble ut det kritikerroste albumet “Rona Diaries: The Chamber Versions Live at the Grieg Hall, Bergen”. I desember returnerer dei til Bergensscenen, denne gangen i den sjelfulle, middelalderske Håkonshallen.
Fredrik Saroea er kjent som vokalist i bandet DATAROCK. Sidan Saroea og kvartetten frå BIT20 Ensemble starta å spela saman har dei eksperimentert med nokre av DATAROCK songane og lagd nye versjonar. Desse tek dei med til Håkonshallen. Det ryktast og at det vert nokre overraskingar på konserten.
Fredrik Saroea gitar og vokal
Martin Shultz fiolin
Liene Klava bratsj
Agnese Rugevica cello
Johannes Wik harpe
Arena Håkonshallen
Konsertstart 20.00 (dørene opnar 19.00)
Tid 2. desember